torsdag 20. januar 2011

Vekesamling 4 del 2

Då har det vore to interessante dagar på Hjeltnes. Elevane har vore ute og oppi trea for å gjera ein jobb i staden for berre å klatra. Arbeidsoppgåvene var krunereinsk, tynning, innkorting av greiner og forankring med statisk og dynamisk system for kruneforankring.
I dag var det også gjennomgang av- og praktiske øvingar i redning av skadd klatrar frå tre.
Mykje moro altså, til og med veret var på vår side.
På onsdag var det oppstart med å koma seg opp i trea og byrja å arbeida. med "mine" elevar gjekk det nok litt plundrete i starten, det trengs nok ein del meir trening på rutinar og kasting. Det var litt for mykje fastsette posar og "fuglareir" i kastelineposen.
Til slutt kom alle opp i treet, ei vid gamal smørvalnøtt der det var ein 16 år gamal statisk forankring som absolutt trengde fornying. Planen var å setja opp ei ny statisk forankring med wire litt høgare oppe i treet og så fjerna den gamle. Treet var svært vidt med lange horisontale stammer utan noko godt høgt punkt til ankerfeste så klatringa var litt utfordrande.
Forankringa vart sett opp som eit trekantsystem slik at kvar stamme vart støtta opp frå to kantar. Først vart stammene stramma opp med ei jekketalje, deretter vart kabelen installert og stramma opp for hand før ein losna opp att stramminga på jekketalja og finjusterte kabelen.
Det vart litt styr med skruer og wireklemmer oppe i treet men jobben vart gjort på ein dag.

I dag var det så redningsopplæring. Ein viktig disiplin som alle arboristar bør vera godt trena i.
Dagen byrja med ein time inne der me gjekk igjennom redning frå a til å før me gjekk ut og prøvde i praksis.
Sjølve teknikken er relativt enkel, men sidan det skal utførast oppe i eit tre med greiner og diverse vert det fort vanskeleg.
Klatreferdigheiter spelar også sjølvsagt ei stor rolle i kor greitt det går - dersom ein har nok med seg sjølv oppe i eit tre vert det sjølvsagt vanskeleg å ta vare på ein annan person i tillegg.
Men alle har i alle fall no gjennomført ei redningsøving.
Mange fleire vil det verta i samlingane framover.


Neste vekesamling i februar vert det seksjonsfellingfelling av einstamma tre / bartre. Skal verta interessant det og.
Uansett så må elevane no opp i trea mellom samlingane for å verta betre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar