mandag 21. juni 2010

Attgroing

Jaudå, det var ei nydeleg helg men no er ein attende i kvardagen att.
Eg la merke til at det var fleire nye område som no var tettvaksne med to - tre år gamle bjørkerynningar, område som tidlegare har vore snaue. Sannsynlegvis har det vorte nett so mykje varmare at bjørka sler seg til der. Det er nett like mykje sau der som før men det er ikkje kyr lenger, ingen av desse har bjørk på matsetelen uansett. Eg er litt delt i synet på dette - på den eine sida vil det ta vekk utsynet me har på stølen no medan på den andre sida vil det binda CO2 og vera del av ei naturleg utvikling som fylgjer endringane i klimaet.
Bjørk er eit sokalla pionertre, eitt av dei første som vandrar inn på nye område. Ho er såleis både hardfør og toler å verta bretta ned av snøen kvar vinter. Bjørk lagar ofte nesten reine bjørkebestand der ho etablerer seg og ville på mange måtar vore ein sterk kandidat på svartelista til mattilsynet om ho ikkje hadde vandra inn natureleg.
Tvisynet mitt lyt vera nett det, å leggja seg i krig med naturen og prøva å nedkjempa bjørka er fåfengt. For seinare generasjonar vil det skogkledde landskapet verta like naturleg som det nakne i dag og eg er sikker på at dei vil koma til å setja pris på det.

1 kommentar:

  1. Det eksistensielle spørsmålet blir jo til slutt om du har lyst til å ta med deg motor- og ryddesaga til fjells, eller vil du ha fri når du først tar deg en setertur...

    SvarSlett