Det mest celebre treet i Kew Gardens for augneblinken er sjølvsagt det nyleg (-94) oppdaga treet Wollemi Pine, Wollemia nobilis. Treet vart oppdaga av David Noble i 1994 i Wollemi Park, Australia.
Der er funne 90mill år gamle fossilar av det same treet så det er verkeleg ein stayer. Det var faktisk tilstades på jorda før dinosaurane døydde ut!
Det er ikkje funne meir enn 100 tre i naturen så det er eit stort oppformeiringsprogram i gang med det for auga å spreia treet utover verda for å hindra utrydding. Treet har så langt vist seg å overleva ned til -12 og opptil +45 grader C og kan difor godt overleva i ytre strøk av Vestlandet. Her er den Engelske websida for Wollemi Pine, der kan ein også bestilla plantar.
onsdag 2. juni 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar