Kort fortalt; all jorda på ei side av treet er fjerna, røtene er gravne av og ligg opne i dagen, det skal sprengast ei skjæring nær inntil stamma, stamma er ikkje beskytta altså alt som står i boka at ein ikkje skal gjera.
I tilbodsbrevet vårt hadde me beskrive arbeidet slik:
Treet må gjerast inn med mobilt anleggsgjerde fem gonger stammediametern frå stamma, røter må kappast for hånd med sag før graving, rotendane må dekkast med vekstmedium og plast for å hindra uttørking, særlege tiltak må gjerast for å hindra at grunnvasstanden vert vesentleg endra.
Vel, slik vart det ikkje, og no skal det sprengjast så det er vel temmeleg sikkert at grunnvasstanden vert endra.
Eg skal vera veldig forundra (og glad) dersom treet om fem år ikkje er fullt av vasskot langs stamma og hovudgreiner samstundes som kruna og toppen er full av tørrved frå tuppen og innover.
Dette er eit relativt typisk døme på at beskriving og gode intensjonar ikkje er nok, kontroll og oppfølgjing må til sjølv om det er berre eitt tre. Om ikkje det er vilje eller kunnskap til det er det betre å hogga treet ned!
det var ein håplaus måte å ta vare på treet?
SvarSlettkvifor vart ikkje stoppa når det ikkje vart gjort etter boken.
no er det bare å sage ned treet.
Jepp, og det kostar ikkje entreprenøren ein nikkel i straff, tvertimot reknar eg med at han tener på det ved at arbeidet vert enklare :(
SvarSlettHvordan går det med almen da ?
SvarSlettDet går sjølvsagt fint med almen enno, rotskadar utviklar seg over tid. Han står enno så kanskje dei vil lata han stå for å sjå kor det går.
SvarSlett