tirsdag 26. januar 2010

Freda Hestekastanje i Vangsnes

På mandag hadde eg ein fin tur over Vikafjellet for å sjå på ei freda hestekastanje, Aesculus hippocastanum, på Vangsnes i Vik kommune.

Bekymringa var at ho hadde kasta ein del greiner og det var bekymring for at det kunne detta greiner ned på parkeringsplassen under treet.

Treet viste seg å vera ei fin gamal dame som desverre var vorten litt losliten i eksteriøret. Fleire store greiner var falle av og hadde laga store sår på stammene. Ei grein som er utsett for brekkasje går ut over parkeringsplassen og kan vera til fåre for bilane, heldigvis er heile treet i god helse utan synleg råte av nokon grad. Greina over parkeringsplassen kan, i lag med ei som går innover i hagen, sikrast med dynamisk forankring. På den sistnevnte greina er det nok også ein fordel å beskjæra vekk litt tyngd. Deretter kan nok treet stå endå lenge før det må erstattast. Kjekt at nokon bryr seg sopass om omgjevnadane sine at dei legg ned litt innsats i å ta vare på eit gamalt tre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar