
Det var ein nydeleg dag i Bergen og me skulle fella nokre tre for Olav Kolås med kran. Endeleg skulle me få bruk for det me hadde lært på kurset i vår med Mark Chisholm og Brian Noyes.
Første offer var ei stor bustegran, Picea abies `bustensis`.

Ho skulle fellast med greinene på. Det gjekk enkelt og greitt i tre delar.
Deretter var det ein stor fleirstamma bøk.

Me juksa litt og fekk sett opp toppfeste med hjelp av kranen og korg, deretter gjekk Erlend i gang med å stroppa og kappa stammene som vaks utover.

Det var viktig å få dei godt balansert og det vart gjort med å bruka ein kjetting og to balansestropper. Alt gjekk som smurt - no sweat! Deretter vart det min tur til å ta ned dei to siste stammene. Heile treet nede på to timar, ferdig kappa i vedlengder.

Dette var så enkelt og greitt at me heilt sikkert kjem til å gjera det oftare. Mykje av grunnen var sjølvsagt Svanevik transport sin eminente kran og svært dyktige kranførar, dei vert førsteval om me skal fella meir i Bergen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar