lørdag 16. januar 2010

Sprakje til middag


Ein liten elgflokk har tilhaldsstad i området rundt stølen. Det var trakk og legjer alle stader. Somme stader hadde dei hatt eit retteleg festmåltid på nokre stakkars sprakakrakar som var heilt ribba for nåler. Elgen har ein imponerande fordøyelse, det er knapt nokon andre dyr som ser seg mon i sprakje. Litt elg i skogen er eit bra tiltak for kulturlandskapet og burde sikkert vore tilskotsberettiga;). No var det ikkje berre sprakje han hadde ete, også vier, furu, selje og rogn sto på menyen men det var i sprakakrakane han verkeleg hadde gått laus. Lurar på om han var litt sår på tunga etterpå?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar