overgrodd med tørre og skadde greiner. For tida gjer me ein jobb der for Olav Kolås med å krunereinska trea med særleg
fokus på trafikktryggleik i vegen under.
Jobben er grei, reine kosejobben med fint ver og fin utsikt, med eit unnantak - dei to første trea. Dei var reine jungelen med eføy - fytterakkaraen! Ikkje særleg lett å få eit godt toppfeste her.
Det har kome opp eit spørsmål om denne eføyen er skadeleg for trea og bør fjernast. Eg trur i utgangspunktet ikkje det så lenge han ikkje skuggar ut greinene men eg er ikkje sikker. Eg vil ta kontakt med Myerscough for å finna det ut, inntil vidare vert han hengande der han er.

Eg trur nok at eføyen ikke er noe positivt bidrag til eikens velvære. Du har en del utskygging av det lavere/indre bladverket. I tillegg vil jo røttene fra eføyene konkurere om de samme nærigstoffene som eika treng.
SvarSlettErlend
Du har heilt rett i at han ikkje bidreg positivt, men spørsmålet er om han er direkte skadeleg og der er nok svaret at det er han neppe. Så det er tvilsomt om nytten ved å fjerna han er verdt kostnaden.
SvarSlettSvein
PS. Kult, første kommentaren, keep up the good work!