søndag 18. juli 2010

Akrobatikk?

I siste "Skogeieren", medlemsblad for Skogeierforbundet, har dei teke eit blikk på trefellarbransjen. Dei har vald å gjera det ved å skriva ein reportasje om eit trefellarfirma i Oslo, sjå vedlagde bilete.
Eg vel å sjå på heile greia som eit utslag av agurktida, sjølv om den kanskje ikkje skulle vera så akutt i Skogeierforbundet.
Dersom Skogeieren verkeleg ville ta ein titt på trepleiebransjen her i landet ville det kanskje vore naturleg å ta kontakt med Norsk Trepleieforum eller nokre av dei store seriøse verksemdene innan bransjen i Oslo. Eg har ikkje noka grunnlag for å hevda at TJR Trefelling ikkje er seriøse men etter å ha sett på bileta ser eg at motorsaga vert konsekvent brukt med ei hånd og at det berre vert brukt eitt innfestingspunkt når han sagar, begge deler er både useriøst og livsfårleg. Kva om Skogeieren hadde ein reportasje om ein skogsarbeidar som brukte saga med ei hånd på bakken? Me har som tommelfingerregel at all "sagføring" som ikkje er akseptert på bakken i alle fall ikkje er akseptert oppe i tre!
Det er forsåvidt rett som det vert hevda at det ikkje trengs lisens eller opplæringssertifikat for å byrja som trefellar MEN Arbeidsmiljølova set i Forskrift For Arbeid i Høgda (s.32) heller strenge krav for korleis arbeidet skal utførast og krav til utstyret og opplæring. Det er krav om dokumentert opplæring både på motorsag og bruk av tilkomstutstyr, i tillegg er det krav om nok praksis før ein arbeidstakar kan setjast til sjølvstendig arbeid med dette. Eg ser at trefellaren her har trent på saging og treklatring på familiebruket i Gausdal, det er vel tvilsomt om det er dokumentasjon god nok dersom ulukka skulle vera ute.
No finnes det faktisk både opplæringstilbod og sertifiseringsordningar i trepleie, kanskje Skogeieren skulle ha skrive litt om det? Det er faktisk starta opp ei fagskuleutdanning i trepleie ved Hjeltnes Gartnarskule i Ulvik, kanskje det hadde vore interessant å skriva om?
Norsk Trepleieforum arrangerer årleg eksamen i både ETW sertifisering og ISA Certified Arborist sertifisering, der kan kvalifiserte kandidatar melda seg på og dersom dei består kan dei kalla seg enten ETW sertifisert eller ISA Certified Arborist, kanskje det hadde vore noko for Røyse i TJR Trefelling? Han skal i alle fall vera meir enn velkomen. Kanskje ein reportasje frå dette hadde vore noko for Skogeieren og? Dei er sjølvsagt også velkomne.
No vonar eg at ingen føler seg uthengde etter dette hjartesukket men eg føler at reportasjen er ein slags "sensasjonsreportasje" og eg synest at TJR Trefelling hadde stått seg på å få arbeidsrutinane sine i tråd med bransjestandarden.

2 kommentarer:

  1. Kristin Moldestad22. juli 2010 kl. 17:07

    Hei, Norsk trepleieforum har laga ei retningslinje over trearbeid i høgda sjå:
    http://www.trepleieforum.no/art_trepleie_hoyden.asp

    SvarSlett
  2. Takkar Kristin, eg lagar ein link.

    SvarSlett